HeimKoronaOppdateringar - kva skjer i OsterøyKraftige smitteverntiltak på Austlandet

Kraftige smitteverntiltak på Austlandet

Me minner om at unødvendige innlandsreiser frarådast generelt. I tillegg vil me oppmoda på det sterkaste å unngå unødvendige reiser til desse områdene på Austlandet som no har strengare koronatiltak enn resten av landet.

Om du har vore i nokre av desse områdene på Austlandet dei siste 10 dagane så tilrår me at du tek kontakt med koronatelefonen for råd og eventuelt testing.

Kommuane med ekstra tiltak er delt inn i to grupper: Ring 1 og Ring 2. Ring 1 kommunane er dei som er tettast på utbrota, medan Ring 2 kommunar er randkommunar til utbrota.

Dei kommunane det gjeld er:

Ring 1: Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Sarpsborg, Nordre Follo, Oslo, Vestby, Våler i Viken, Ås og Halden

Ring 2: Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lunner, Fredrikstad, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Rælingen, Råde, Skiptvedt og Hvaler.


Sist oppdatert: 01.02.2021
Publisert: 01.02.2021