HeimKoronaOppdateringar - kva skjer i OsterøyInnlandsreiser frå Austlandet

Innlandsreiser frå Austlandet

Kraftige smitteverntiltak er satt i verk i mange kommunar på Austlandet grunna utbrot av den engelske virusmutasjonen i Nordre Follo. Me minner om at unødvendige innlandsreiser vert frårådd generelt og spesielt til desse områda på Austlandet som no har strengare koronatiltak enn resten av landet.

Om du har vore i nokre av desse områda på Austlandet dei siste 10 dagane så tilrår me at du tek kontakt med koronatelefonen 56192277 for råd og eventuelt testing.

Dei 10 kommunane som har dei strengaste tiltaka er: Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Oslo, Vestby, Våler og Ås.

Dei 15 randkommunane til området er: Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lunner, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Rælingen, Råde og Skiptvedt.


Sist oppdatert: 25.01.2021
Publisert: 25.01.2021