HeimKoronaOppdateringar - kva skjer i OsterøyInformasjon vedrørande transport til og frå vaksinering

Informasjon vedrørande transport til og frå vaksinering

Når dei eldste av våre innbyggjarar får time til koronavaksine så avklarer ein også korleis ein skal kome seg til vaksinasjonsstaden. Eit fåtall av dei eldste køyrer bil sjølve og dei fleste er avhengig av hjelp til transport. Utgansgspunktet er at ein sjølv må ordne transporten til og frå vaksinasjonsstaden.

Kommunane har no fått beskjed at Pasientreiser ikkje kan nyttast til reiser til og frå vaksinasjon. Me oppmoder til at vener, slekt og familie hjelper til der det er mogeleg, eller om ein har drosjekort så kan det nyttast.

Om nokon ikkje kan kome seg til og frå vaksinasjon på desse måtane så skal kommunen sikre at pasienten kjem seg til og frå vaksinasjon. Dei som av helsemessige grunner ikkje kan kome seg til vaksinasjon har så langt fått tilbod om vaksine der ein er, enten om det er i institusjon eller i eigen heim.

Ved spørsmål vidare om dette så kan ein ringe koronatelefonen eller skrive mail til koronteamet.

Kven kan få koronavaksine? - FHI


Sist oppdatert: 25.01.2021
Publisert: 25.01.2021