HeimKoronaOppdateringar - kva skjer i OsterøyFørste koronavaksine er satt

Første koronavaksine er satt

Astrid Nøttveit (102) var første ostring som ble vaksinert.
Fagkoordinator Linea Vedå satte vaksina.

Første koronavaksine

Bygdanytt-Anders var sjølvsagt med for å dokumentere denne historiske hendinga. 

Koronavaksine

Dei neste vekene vil me motta nye vaksinedosar jamt og trutt. Vaksinasjonen er nøye prioritert og planlagt. Dei som vert prioritert vert kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje naudsynt å kontakte kommunen eller fastlege for å setje seg på venteliste.

Det er likevel viktig at du har tatt stilling til om du ønskjer å ta vaksina eller ikkje før me kontaktar deg.

Familie/ pårørande til sjukeheimspasientar og andre i risikogruppene som treng hjelp til å innhente informasjon, vert oppmoda om å hjelpe sine med dette. Personalet på sjukeheimen vil også hjelpe til å informere og snakka med pasientane om vaksina. 


Sist oppdatert: 06.01.2021
Publisert: 06.01.2021