HeimKoronaOppdateringar - kva skjer i OsterøyFastlegane si rolle rundt vaksinasjon

Fastlegane si rolle rundt vaksinasjon

Her på Osterøy vil det ikkje vere vaksinering på fastlegekontora, men i kommunal regi. Fastlegane har ei viktig rolle ved at dei går gjennom sine pasientlister frå 18-64 år, og kartlegg dei som skal få vaksine ut frå prioriteringa frå Folkehelseinstituttet. Når kartleggginga er ferdig får kommunen denne informasjonen frå fastlegane. Me vil då informere ut korleis kvar enkelt av desse vil få timeavtale om vaksine.

Osterøy kommune er klare til å tilby vaksine til alle som bur på Osterøy, så snart me får så mange vaksiner som trengs. Me er klare over at mange som bur på Osterøy har fastlege i ein annan kommune. Det vert jobba med å organisere og avklare om desse skal bli vaksinert i den kommunen dei bur i, eller på fastlegekontoret i den kommunen ein har fastlege. Her er det nødvendig med interkommunalt samarbeid.

I Bergen er det vaksinering på fastlegekontora. Me venter på ein avklaring om dei vil tilby vaksine på fastlegekontoret sitt også til dei som bur i andre kommunar, eller om dei vil gi bustadkommune beskjed slik at me kan tilby vaksine der ein bur.

No vaksinerer me på Famile og omsorgssenteret, men det kan/vil kome anna lokasjon dersom me får tilsendt svært mange vaksiner på ein gong og dette lokalet då vil vere for lite. 

Det er enno ei stund til me får nok vaksiner til å vaksinere yngre pasienter i risikogruppene. Me viser igjen til prioriteringen som følges frå FHI og legg den ved her:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/


Sist oppdatert: 25.01.2021
Publisert: 25.01.2021