HeimKoronaOppdateringar - kva skjer i OsterøyDesse smitteverntiltaka blir innførte i Osterøy kommune og resten av Bergensregionen

Desse smitteverntiltaka blir innførte i Osterøy kommune og resten av Bergensregionen

Dei strenge tiltaka som no blir innførte skal mellom anna gjere det mogleg å halde barnehagar og skular opne for å gi barn og unge ein mest mogleg normal kvardag. Kriseleiinga (KKL) i Osterøy kommune har førebels vald å oppretthalde gult nivå for barnehagar, barneskular og ungdomsskular.

Tiltaka vil bli forskriftsfesta med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1 (smittevernlova).

Forskrifta vil i første omgang gjelde frå laurdag 7. november til og med måndag 23. november.

Desse tiltaka vil bli innførte i Osterøy kommune:

 

Tal på kor mange personar som kan samlast

  • Talet som kan delta på private samlingar i heimen, blir redusert frå 10 til 5 personar, inklusiv dei som bur i husstanden. Unntak for familiar som bur fleire saman enn fem. Unntak òg for kohortar for barn i barnehage og barneskule. I tillegg skal ein føre gjestelister på lik linje med offentlege arrangørar. 
  • Arrangement på offentleg stad skal ha faste sitteplassar og det er ikkje lov med fleire enn 20 deltakarar til stades. Dette gjeld både private og offentlege arrangement på offentleg stad. Gravferd er unntatt denne regelen. Der kan ein vere inntil 50 personar. Arrangement utan fast sitteplass blir forbodne. 

Reduserte aktivitetstilbod

  • Breiddeidrett og amatørkultur for vaksne over 20 år blir forbode. 
  • Treningssenter, idrettshallar, svømmehallar og lokale for tilsvarande aktivitetar skal halde stengt. Bestemminga for idrettshallar og svømmehallar gjeld ikkje for organisert trening for barn og unge eller undervisning til barn og unge under 20 år. Bestemminga omfattar heller ikkje individuell fysikalsk trening i samband med behandling.
  • Trening for barn og ungdom under 20 år kan gjennomførast, men arrangement som kamp, cup, turnering og liknande er ikkje tillate. 
  • Bingohallar, museum og liknande tilbod skal halde stengt.
  • Bibliotek stenger for aktivitetar og opphald, men utlån og innlevering vil vere mogleg. 

Handling på butikkar og kjøpesenter

  • Butikkar, kjøpesenter og liknande må syte for at det ikkje er fleire til stades i lokalet enn at det er mogleg å halde 2 meters avstand. Tillate tal på kundar i lokalet blir rekna ut frå storleiken på lokalet. Det skal om nødvendig vere vakthald som syter for at kravet blir følgt.

Krav til munnbind

  • Krav om bruk av munnbind/ansiktsmaske på kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad (butikker, kjøpesenter osb.), der 1 meters avstand ikkje kan overhaldast. I tillegg vil det bli påbode med munnbind både for sjåfør og passasjerar i taxi. 
  • På skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader, skal munnbind brukast når ein beveger seg i lokalet og avstandskravet på 1 meter ikkje kan overhaldast.

Tidlegare stenging av serveringsstader

  • Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader skal stenge seinast kl. 22, og skjenking stoppar frå kl. 21.30. Bestemminga gjeld ikkje takeaway.

Heimekontor og skular

  • Krav om heimekontor for alle som kan ha heimekontor. Dette må avklarast med arbeidsgjevar.
  • Raudt nivå på Osterøy vidaregåande skule.

Besøksrestriksjonar på sjukeheimar og andre helseinstitusjonar

Vi anbefaler pårørande på det sterkaste om å ikkje besøke institusjonane dei neste to vekene. Vi gjer unntak i spesielle høve, ta då kontakt med avdelinga.

Besøksrutiner for Osterøytunet oppdatert 06.11.20

Forskrifta blir ferdigstilt i løpet av fredag 6. november. Ho vil gjelde frå laurdag 7. november. I første omgang vil forskrifta gjelde til måndag 23. november.

- No må me ta i eit tak

- Eg fullt klar over at dette er ingripande tiltak som har negative konsekvensar for både privatpersonar og enkelte næringsdrivande på Osterøy. Eg vil oppmoda alle ostringar om å ta godt vare på kvarandre i tida framover og vera ekstra obs på å støtta dei verksemdene som no vert råka av desse tiltaka, seier ordførar Lars Fjeldstad (Sp).

- Me har så langt det lar seg gjera prøvd å skjerma born og unge i denne forskrifta. No må me vaksne ta i eit tak slik at borna vert minst mogleg råka. Og motivasjonen vår må vera at om me lukkast med dette, så kan me sjå fram til ei meir normal julefeiring med mildare restriksjonar, seier Fjeldstad.

- Husk å hald avstand til kvarandre, reduser talet på nærkontaktar, god handhygjene og hald deg heime om du er sjuk. Eg vil og oppmoda alle til å begrensa reiseverksemd så langt det lar seg gjera, å halde seg mest mogleg heime, avsluttar ordføraren.

Politisk og administrativ leiing i BergenAlver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden kommunar har samarbeida tett for å innføre målretta, tydelege og like tiltak i heile regionen.

Forskrift om smitteverntiltak i Osterøy kommune, 7.11-23.11

 


Sist oppdatert: 06.11.2020
Publisert: 06.11.2020