Besøk på Osterøytunet

Sidan 18.5.20 har de som pårørande kunna koma på besøk på Osterøytunet etter avtale anten ute i hagen eller i «besøkskroken» på Dagavdelinga, med personale tilstades under besøket.

Ny rettleiar frå Folkehelseinstituttet gjev oss anledning til å letta litt på desse restriksjonane.

Me oppfordrar framleis til at der det er mogleg, bør besøk føregå ute.  Bebuarar kan no  også ta imot besøk på rommet.

 

Frå  16.06.20 er det desse rutinene som gjeld:

  • Besøk må som før avtalast på førehand med personalet i gruppa, seinast dagen før. Me ber om at besøk føregår etter klokka 11.00 og at ein unngår besøk i forbindelse med måltid og i vaktskiftet.
  • Når de ringjer for å avtale tidspunkt for besøk, vil personalet fylle ut eit skjema med namn, telefonnummer og dato/klokkeslett for besøket. De vil også bli spurt nokre spørmål knytt til helsetilstand.  Dette er viktig for å kunna komme raskt i gang med smittesporing dersom det oppstår smitte på Osterøytunet. Skjemaet vil bli makulert etter 2 veker.
  • Ved besøk inne, blir besøkjande henta av personalet utanfor avtalt inngangsdør og fulgt til pasienten sitt rom. Besøkjande kan ikkje opphalda seg i fellesrom.
  • Ved besøk ute, blir pasienten fulgt til avtalt stad av personalet i gruppa. Dersom pasienten sit i rullestol kan de kjøra ein tur i nærområdet.
  • Pasienten kan ha maksimalt 2 besøkjande ved kvart besøk. Alle besøkjande må kunne ivarta smittervernsråda.
  • Besøket er begrensa til inntil 1 time.
  • Det kan avtalast 1 besøk i veka for kvar besøkjande. Me ønskjer å halda på dei faste besøksdagane:

Gruppe 1: måndag

Gruppe 2: tysdag

Gruppe 3: onsdag

Gruppe 4: torsdag

Gruppe 6: fredag

Gruppe 7: etter avtale for dei med korttidsplass. Bebuar med langtidsplass har fast besøksdag.

 

  • Du kan dessverre ikkje ta med mat eller drikke til besøket. 
  • Det er rom for å endra dag og tidspunkt, det må avtalast med personalet i gruppa.
  • Pasientar som er alvorleg sjuke kan som før få hyppigare besøk etter avtale.

 

Smittevernreglane gjeld fortsatt:

  • Besøkjande må vera friske og utan milde symptom på luftvegsinfeksjon eller andre nyoppståtte symptom.
  • Besøkjande må ikkje vera i karantene eller isolasjon
  • Besøkjande kan ikkje ha vore utanlands siste 10 dagar
  • Besøkjande må utføra handhygiene med sprit ved ankomst, også ved besøk utandørs.
  • Besøkjande må halda 2 meters avstand både til pasient og personale inne og 1 meter avstand ute.
  • For dei bebuarane som ikkje har føresetnader for å etterleva smittevernreglane, er me klar over at det kan bli meir nærkontakt enn tilrådeleg. Me vurdere likevel at det er viktig for dei at dei får kontakt med sine næraste pårørande.

Me ber om forståing for at besøksrutinane vil bli stramma inn igjen dersom det kjem nye smittetilfelle i kommunen.

Det kjem stadig ny informasjon frå helsemyndigheitene. Det oppsto ein del forvirring då helseministeren informerte om at besøksrestriksjonane i sjukeheimar skulle opphevast. Me vil presisera at det heile tida er informasjon frå leiinga på Osterøytunet som gjeld for Osterøytunet.

Me seier i dette brevet at Osterøytunet no lettar litt på besøksrestriksjonane. Etter å ha lese det synest de kanskje ikkje det er noko særleg endring. Me har stor forståing for at det er vanskeleg å ikkje kunna besøkja sine kjære på Osterøytunet meir enn det er rom for. Men korona-pandemien er ikkje over enno. Me må difor gjera det me kan for å hindra at våre pasientar og personale blir smitta.

Me minner me om å framleis nytta nettbrett og telefon til kontakt slik at ein unngår mange besøk.

Dette brevet blir sendt som epost eller post til næraste pårørande. Me ber om at de informerer resten av familien og andre som ønskjer å koma på besøk.

Me ønskjer alle ein fin sommar, og ser fram til «normale tilstandar» igjen!

 

Mvh Åse Vevle

Einingsleiar

16.06.20


Sist oppdatert: 17.06.2020
Publisert: 17.06.2020