06.04.21:Nytt smittetilfelle

Elles har påsken vore roleg for koronateamet. Det har vore lite trafikk på koronatelefonen dei ekstra dagane me hadde ope i påsken.

Om du har vore på påskeferie i områder med høgt smittetrykk, eller har hamna i situasjonar du er usikker på i løpet av påsken, oppmodar me deg til å kontakte koronatelefonen og bestille deg time til testing.

Frå og med denne veka byttar me vaksinasjonsstad frå Familie- og Omsorgssenteret til Osterøy Ungdomsskule. Så om du har time for vaksinering fram over, må du møta opp på Osterøy Ungdomsskule. Dette vil og stå i innkallinga til timen din.


Sist oppdatert: 06.04.2021
Publisert: 06.04.2021