30. mars 2020

Ny ordning skal sørge for at permitterte har pengar i påska

Fredag 27. mars vedtok Stortinget ei eiga forskotsordning for dei som har søkt om dagpengar. Dei tekniske løysningnane skal vere på plass på måndag 30. mars kl.15.00, slik at folk kan få pengar før påske.

- Eg er letta over og glad for at vi allereie på måndag kan tilby ei løysing som gjer at dei som har søkt om dagpengar dei siste to vekene, kan be om å få delar av utbetalinga før påske. Dette er ei førebels løysing som raskt sikrar folk pengar på konto i påvente av eit dagpengevedtak, seier leiar i Nav Osterøy, Vigleik Kalland.

I Osterøy har kring 300 permitterte søkt om dagpengar, så den nye ordninga kan ha stor betydning for mange. Alle som søkjer seinast fredag 3. april vil få utbetalt innan onsdag 8.april, altså dagen før skjærtorsdag.

For å kunne få forskotet, må ein på førehand søkje om dagpengar og fylle grunnleggjande krav for rett til dagpengar. Søkjarar må bruke www.nav.no til å be om forskot. Når det er fatta vedtak om dagpengar ut frå søknaden dei tidligare har sendt, vil forskotsutbetalinga verte gjort opp. For dei fleste vil forskotet vere ca. 60 prosent av tidlegare løn. Link til nav.no for å søkje om dagpengar

Dette er ei hasteløysing for å unngå at folk blir ståande heilt utan pengar i ein lang periode, seier direktør Sigrun Vågeng i NAV. Arbeids- og velferdsdirektoratet jobbar på spreng for å tilpasse nytt regelverk og IT-system, og automatisere handsamingsprosessen for å redusere tida NAV brukar på kvar søknad. Det vil uansett ta tid før NAV Arbeid og ytelse får handsama over 287 000 søknadar om dagpengar.

Fleire endringar som gjeld ytingar frå NAV er på gang

Den nye forskotsordninga gjeld ikkje for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande, der Stortinget har vedteke å opprette ei heilt ny stønadsordning. For denne gruppa jobbar regjeringa vidare med å finne ei løysing. 

Stortinget har vedteke endringar i satsar og varigheit blant anna for dagpengar og omsorgspengar. Etter planen startar NAV Arbeid og ytelse å handsame saker etter nytt regelverk før påske. Då er tekniske og juridiske løysingar på plass, slik at søknadene kan handsamast fortløpande og pengane betalast ut.  

Vågeng seier: – Systemene våre må utvikles til å håndtere nye regler og bemanning må på plass til saksbehandling.  Derfor er vi glade for at vi fra neste uke kan betale ut et forskudd på dagpenger. De løsningene som vi kommer med nå, er laget med en hastighet som er helt uvanlig både når det gjelder regelverksarbeid og utvikling av IT-løsninger, sier NAV-direktør Sigrun Vågeng.

Så snart nye ordningar er avklara vert det kunngjort på www.nav.no.


Sist oppdatert: 30.03.2020
Publisert: 30.03.2020