29.02.21: Status vaksinering

Denne veka er me kome så langt at alle over 90 år har fått tilbod eller har fått første dose med vaksine.Om du er pårørande til nokon født i 1931 eller før som du veit ikkje har blitt kontakta av oss om vaksine, må du ta kontakt med koronatelefonen, 56192277.Neste veke vil me starta på aldersgruppa 89 – 85 år. Me startar på dei eldste og jobbar oss vidare nedover etter alder. Neste veke får me fleire doser enn forventa og dei eldste i aldersgruppa kan begynne å forberede seg til å verte ringt opp. Du som pårørande speler ei viktig rolle i å bistå med å forbereda. Me håpar du kan hjelpa oss med å prata med dine om vaksina.Me forstår at mange der ute ventar på å verte kontakta om vaksinasjon, og me skulle ynskt me kunne kalla inn på lenger sikt enn berre veke for veke, men så lenge me ikkje veit kor mange vaksiner me vil få i vekene framover, kan me ikkje planlegge lenger fram enn ei veke om gongen.


Sist oppdatert: 29.01.2021
Publisert: 29.01.2021