29. april 2020

Det er framleis ingen nye bekrefta smitta på Osterøy. Førre oppdatering var 24.04.20, me meldte då om 41 bekrefta smitta. Det er ingen som er eller har vore alvorleg sjuke eller innlagt på sjukehus som fylgje av koronasmitte.

Koronateamet kan i dag melde om at mange av dei smitta er på god veg til å verte friske, og at det per i dag 29.04.20 er over eit titalls av dei smitta som er heilt friskmeldte og er ute av isolasjon.

Dette er ei veldig positiv utvikling, men om denne utviklinga skal fortsetta er det veldig viktig at alle ostringar framleis følger tilrådingane om å halde avstand, unngå kontakt og halde seg heime sjølv med milde symptom på luftvegsinfeksjon.


Sist oppdatert: 29.04.2020
Publisert: 29.04.2020