27. mars 2020

Kommunen har fått inn mange meldingar om at folk ikkje respekterer oppmodinga om å halde avstand og ikkje samle seg i store grupper på idrettsanlegg.  Vi har derfor dessverre sett oss nødt til å stenge idretts- og fotballbaner. Vedtaket er gjort i kommuen si kriseleiing basert på nasjonale føringar og med heimel i Smittevernlova § 4-1. Vedtaket varar i første omgang til 14. april. Om forbodet ikkje vert respektert, er det ei sak for politiet.


Sist oppdatert: 27.03.2020
Publisert: 27.03.2020