25.mars 2020

Smittevernlegen kan i dag melda at me har no motteke rundt 60 prøvesvar der det ikkje er koronasmitte.
Så det er framleis ingen med påvist koronasmitte på Osterøy.
Alle vil verta kontakta for sitt prøvesvar.

Mange såg kanskje regjeringa si pressekonferanse i går. Dei nasjonale tiltaka vert vidareført og råda til avstand skjerpast. Ein bør ute i det offentelege rom ha minst halda 1 meters avstand til kvarandre, og ikkje vere meir enn 5 personer samla. Innandørs/på jobb bør ein ha 2 meters avstand (gjeld ikkje for familiar heime i huset).
Dugnaden mot koronaviruset må forsette og kvar enkelt må framleis ta ansvar å gjera begrensningar i sitt kvardagsliv vidare. Stå på !


Sist oppdatert: 25.03.2020
Publisert: 25.03.2020