24. april 2020
I tråd med regjeringa sitt vedtak opnar skuletrinn 1. – 4, SFO og barnehagane oppatt måndag 27.04.20. Alle føresette vil få meir detaljert informasjon frå sin skule og/eller barnehage.
Me ser fram til å ynskje borna velkommen attende til skule og barnehage og endeleg få høyre latter og leik i lokala våre att.
Osterøy kommune sitt største fokus er at born, tilsette og føresette skal vere trygge og føle seg trygge på skulen og i barnehagen.
Alle endringar er i tråd med:
Rettleiar for smittevern for barnehage
Rettleiar for smittevern for skulen
Denne informasjonen gjeld berre for dei kommunale skulane og barnehagane på Osterøy. Føresette med barn i privat skule eller barnehage, må ta kontakt med sin skule/barnehage om dei ynskjer meir informasjon.