23. mars 2020

Presisering 24.03.2020:
Me meldte i går at restriksjonane som var innført for studentar vart oppheva. Dette betyr at studentar som vart sett i karantene etter dette vedtaket, no ikkje lenger treng vere i karantene så lenge dei er friske. Minner om at alle som har symptom som kan minna om det som korona gjev, bør halde seg heime. 

Måndag 16. mars fatta kommuneoverlege og kriseleiinga i kommunen vedtak om restriksjonar for studentar og elevar som kjem heim frå studier.

Etter lova har eit slikt vedtak ei varigheit på sju dagar, og det skal vektige årsaker til for å forlenge eit slikt inngripande tiltak. No vert vedtaket oppheva frå måndag 23. mars. 

Sjølv om me ikkje lenger pålegg studentar karantene om dei kjem heim, vil me oppmoda alle studentar frå Osterøy om å ikkje reise heim no. Me har alle eit ansvar for å redusere reiseverksemd så mykje som mogleg for å hindre spreiing av smitte.


Sist oppdatert: 24.03.2020
Publisert: 23.03.2020