22.01.21: Status vaksinering

Kor mange me kan tilby vaksine til kvar veke avhenger av kor mange vaksiner me får tilsendt. Neste veke vil me og starte å vaksinere dose nr. to for dei som allereie har mottatt første dose.

Me ynskjer å tilby vaksine også til dei som oppheldt seg her på Osterøy og er i målgruppa for vaksine, men ikkje er folkeregistrerte her. Sidan våre lister berre tar utgangspunkt i kor ein er folkeregistrert, har me ikkje moglegheit å plukke opp dei som berre oppheldt seg her over lenger tid.

Er du eller kjenner du nokon over 85 år som oppheldt deg fast på Osterøy utan å vere folkeregistrert her? Ta kontakt med oss via telefon på: 56192277 eller send oss ein e-post på: korona@osteroy.kommune.no


Sist oppdatert: 22.01.2021
Publisert: 22.01.2021