20. mars 2020

I dag kan kommuneoverlege, Anita Sørtveit, melde at det er testa vel 20 ostringar denne veka.

Testing foregår lokalt på Osterøy i det nyoppretta koronasenteret. Per fredag 20.03.20 kl. 10.00 er det framleis ikkje påvist tilfelle av koronasmitte på Osterøy.

Kommunen har innført ei rekkje tiltak som skal forseinke og avgrense smitte, og det er viktig at kvar enkelt av oss gjer det me kan.

Me må forhalde oss til at testing, slik det er no, er først og fremst for helsepersonell og sårbare pasientgrupper. Det viktigaste av alt er at dei som er sjuke heldt seg heime.

Kommunen har oppretta eit lokalt koronateam. Dei har telefonnummer 966 25 870 som ein kan ringa mellom 09 – 21 alle vekedagar. Dei som treng legehjelp må fyrst prøve å ringe fastlege eller legevakt på telefon 116 117. Dei som treng akutt hjelp ringer som før 113.


Sist oppdatert: 26.03.2020
Publisert: 20.03.2020