20. mai 2020

26 dagar sidan me fekk ein ny bekrefta smitta av koronavirus.
Publisert: 20.05.2020
Sist endra: 20.05.2020

Det er no gått 26 dagar sidan me fekk ein ny bekrefta smitta av koronavirus. Me merkar no at ting har roa seg litt, det er ikkje så stor pågang på koronatelefonen som det har vore før og alle som tar kontakt og har symptom vert testa.

Det er no testa totalt 343 personar.

Me vil minne alle på at me må framleis vere på vakt og følge alle gjeldande smittevernråd.

Så vil me ynskje alle dei som er så heldige at dei no har langhelg ei riktig fin langhelg.