18.april 2020

Koronateamet jobbar kontinuerleg med oppfølging av situasjonen med påvist koronasmitte i kommunen. I dag 18.04.20 kan me melda at smitteoppsporinga har avdekka 4 nye tilfelle av koronavirus i samband med utbrotet.

I tillegg har det kome eit enkeltståande tilfelle, utan samanheng med dei andre. Smittekjelda til dette tilfelle er kjent utanfor kommunen. Dette vert og fulgt opp.

Me har no totalt 36 bekrefta tilfelle av koronavirus i kommunen.

Det er testa 199 personar.


Sist oppdatert: 18.04.2020
Publisert: 18.04.2020