18. mars 2020

Osterøy kommune kjem ikkje til å permitere tilsette, men vil heller jobbe med å omdisponere kompetanse der det trengs.

Melding frå smittevernlegen vedkommande testing:

"Eg forstår at mange i befolkninga har lyst å bli testa, men me må forholde oss til at testing slik det er no er forbeholdt helsepersonell og sårbare pasientgrupper. Det viktigaste av alt er at dei som er sjuke i befolkninga vår heldt seg heime. Dei som ikkje er alvorleg sjuke kan ved behov søke råd på koronatelefonen (966 25 870). Dei som treng legehjelp må fyrst prøve å ringe fastlege eller legevakt. Dei som treng akutt hjelp ringer som før 113.

Me har pågang av personer som ynskjer å bli testa, og me tester lokalt no.

Nasjonalt opplever me begrensa tilgong på testutstyr, men me håpar at det vert ei ordning på dette. Sentrale helsemyndigheiter jobber med å få på plass meir prøvetakingsutstyr.

Kritierer for testing finn du ved å klikka her." 


Sist oppdatert: 26.03.2020
Publisert: 18.03.2020