17. mars 2020

Framleis ingen påvist smitte på Osterøy.
Publisert: 17.03.2020
Sist endra: 26.03.2020

Framleis ingen påvist smitte på Osterøy

Det er framleis ingen påvist smitte av koronaviruset på Osterøy. Kriseleiinga i kommunen har kontroll på situasjonen. Kommunen har iverksatt ei rekke tiltak for å stoppe smittespreiing, og nye tiltak vert fortløpande vurdert. 

Presisering av informasjon publisert 16. mars 2020

Me opplever stor pågang av spørsmål om tilrådingane me kom med 16. mars 2020. Desse gjeldt spesielt for opphald på fritidseigedom og tilråding om inn- og utreise til kommunen. 

Me kan ikkje vurdere enkelttilfelle, men oppmodar sterkt om at de følgjer våre tilrådingar. Me har alle eit ansvar å bidra med det me kan for å skjerma dei utsette i samfunnet vårt. 

Dette er tilrådingar som me ser oss nødt til å kome med for å prøve å stoppe smitten av koronaviruset i å spre seg.