16. april 2020

I samråd med smittevernlegen, og på grunn av smittesituasjon på Osterøy, vil vi utsetje full oppstart av barnehagane fram til 27. april.
Barnehagane vil framleis gje eit tilbod til barn med særlege behov og barn med foreldre i samfunnskritiske funksjonar.
 
Osterøy kommune som barnehageeigar ønskjer at barn, foreldre og tilsette skal møte ei forsvarleg drift som tek omsyn til smittevern og at drifta skjer i samsvar med gjeldane lov og regelverk.

Det er svært viktig at smittevern vert ivareteke på beste måte både for barn og tilsette.
Barnehagane er no i gang med tiltak og førebur seg på at barna skal attende til barnehagen jfr. Veiledar om smittevern i barnehagar under covid-19 utbruddet 2020.

Sist oppdatert: 16.04.2020
Publisert: 16.04.2020