16.mars 2020

16.03.20 kl 12:00 :

  • Osterøy kommune har i dag sett kommunal kriseleiing for å handtere smittesituasjonen.
  • Osterøy kommune frarår heimereise for studentar. Om studenter kjem heim skal dei i heimekarantene i 14 dagar. Dette har ikkje tilbakevirkande kraft.
  • Osterøy kommune frarår alle reiser inn og ut av kommunen som ikkje er kritisk naudsynt. Dette omfattar ikkje naudsynte reisar til og frå jobb. 
  • Osterøy rådhus stenger dørene for besøkande for å hindre smittespreiing. Tilsette vil praktisere heimekontor der det er praktisk mogleg og etter avtale med leiar.
  • Alle som ikkje bur i Osterøy kommune og har hytter her skal ikkje besøke hytta. Dette i tråd med nasjonal forskrift.
  • Osterøy kommune har i dag bestemt at det ikkje vil bli krav om betaling for barnehage og SFO så lenge desse er stengt.

Sist oppdatert: 26.03.2020
Publisert: 16.03.2020