14.april 2020

Koronateamet har jobba kontinuerleg med oppfølging av situasjonen med påvist koronasmitte i kommunen. I dag 14.04.20 kan me melda at smitteoppsporinga har avdekka 11 nye tilfelle av koronavirus. Det vil seie at me totalt har 20 tilfelle av koronavirus i kommunen.
Koronateamet melder at dei no har testa 142 personar. Totalt er talet på ostringar som er testa noko høgare enn dette då nokon er testa av anna helsepersonell blant anna på legevakta.

Sist oppdatert: 14.04.2020
Publisert: 14.04.2020