14. mai 2020

I dag kan me melda at alle 41 som har hatt bekrefta koronasmitte, er ute av isolasjon og er friskemeldte for koronasjukdom.

Dette betyr at me no ikkje lenger har bekrefta tilfelle av koronavirus i kommunen. Likevel er det viktig at me alle fylgjer gjeldane smittevernreglar. Her kjem ei melding frå smittevernlegen:

 

«Nye testresultat kjem kvar dag, koronatemaet følger med og me skal følgje opp også videre. Me har som mål å avdekke eventuelle nye enkelttilfeller eller utbrudd tidleg, slik at me klarer å sette i verk lokale tiltak for å hindre vidare spreiing. Når samfunnet no åpner meir opp er det viktig at alle framleis gjer sitt ytterste for å oppretthalde smittevernråda om å vere heime når ein er sjuk, ha god hoste- og håndhygiene og holde avstand. Sjølv om 1 meters regelen gjelder no så er det framleis 2 meters regelen som gjeld når det vert sett i verk nye smitteoppsporinger.  Det vil seie at alle som har vore nærmare enn 2 meter i over 15 min,  (ansikt til ansikt utandørs, innandørs uavhengig av posisjon) frå ein med bekrefta smitta, 48 timer før symptomdebut, vil vere nærkontakter og difor bli satt i karantene.»


Sist oppdatert: 14.05.2020
Publisert: 14.05.2020