11. mai 2020

I dag kan me melda at det framleis er ingen nye bekrefta smitta av koronavirus i kommunen. Det vil seie at det no har gått 17 dagar sidan sist me hadde eit positivt prøveresultat.

Koronateamet kan i dag melde at det er fleire som er på god veg til å verte heilt friske, og det no totalt er 27 stk av dei smitta som er heilt friskemeldte og ute av isolasjon.

Det er framleis ingen som er eller har vore alvorleg sjuke eller innlagt på sjukehus som fylgje av koronavirus.

Det er testa totalt 294 personar.

Dette er ei positiv utvikling, men om dette skal fortsette må alle vere flinke med å fylgje gjeldande smittevernråd og ikkje ta unødig risiko.


Sist oppdatert: 11.05.2020
Publisert: 11.05.2020