03. april 2020
I samråd med dei fire største idrettslaga på Osterøy, og i tråd med helsedirektoratet sine nye anbefalingar for organisert idrett, har kriseleiinga i dag gjort vedtak om at alle utandørs idrettsanlegg vert opna opp att med verknad frå i dag 03.04.20.
I samband med dette lanserer me no «banevettreglane». Dette er fire enkle reglar som me alle står bak. Desse må bli fulgt om me skal fortsetta å ha opne idrettsanlegg i kommunen. Me håpar verkeleg desse vert respekterte.
Sist oppdatert:
03.04.2020
Publisert:
03.04.2020