HeimKoronaInformasjon frå NAV

Informasjon frå NAV

Oppdatert informasjon frå NAV

På sida til Nordhordland Næringslag vil de til ei kvar tid finne siste nytt frå NAV for regionen vår.

Viktig informasjon til arbeidsgivarar i Nordhordland vedrørande permitteringar/oppseiingar

- NAV er førebudd på ein stor auke i tal personar som registrerer seg dei komande vekene. Signala me får frå bedriftene og andre er at svært mange er nødt til å permittera, seier Jane Brit Daae, leiar i NAV region Nordhordland

- NAV Nordhordland ynskjer å gå ut med viktig informasjon til alle arbeidsgivarar som nå vurderer å permittere eller seie opp sine tilsette i samband med koronaviruset

- Vi ventar på avklaring av strakstiltak: Det er varsla og pågåande behandling av fleire strakstiltak som skal hjelpe både bedrift og arbeidstakar. Tiltaka er ikkje endeleg avklart og vedteke, og sidene våre vert oppdatert så snart avklaringar er kome frå regjeringa, vonleg i løpet av veka, seier Daae.

 

Dei neste dagane og vekene forventar NAV stor pågang fra arbeidsgivarar som treng bistand og veiledning for å sikre at varsel om permitteringar eller oppseiinga vert gjort på ein god måte. Her kjem nokre råd, tips og anbefalingar som kan bidra til ein god prosess for både arbeidsgivar og dei berørte tilsette.

Varsel om permitteringar/ oppseiingar skal meldast til NAV

Ein arbeidsgjevar som skal permittera ti eller fleire tilsette skal gi melding til NAV om dette så tidleg som mogleg. Dette gjer dei ved å nytta skjemaet «Arbeidsgjevars meldeplikt til NAV ved masseoppseiing, permitteringar utan lønn og innskrenkningar i arbeidstida» (NAV 76-08.03)

Me oppmodar alle bedrifter om å varsla NAV. I tillegg til å varsle på vanleg måte med skjemaet, kan arbeidsgjevarar ta direkte kontakt med oss, på mail eller tlf/ sms, seier Jane Britt Daae.

Skjemaet NAV 76-08.03 skal sendast pr.post, men for at NAV raskt får informasjonen, er det best å sende på e-post. Ring eller eller send SMS viss det er spørsmål

  • Bedrifter tilhøyrande NAV Alver skal sende skjema på e-post til nav.alver@nav.no. Ring eller send SMS ved spørsmål til 415 28 688/ 412 89 635
  • Bedrifter tilhøyrande NAV Fensfjorden (Austrheim, Fedje, Masfjorden, Gulen og Modalen) skal sende skjema på e-post til nav.fensfjorden@nav.no. Ring eller send SMS ved spørsmål 412 89 178/ 405 57 382
  • Bedrifter tilhøyrande NAV Osterøy skal sende skjema på e-post til nav.osteroy@nav.no Ring eller send SMS ved spørsmål 412 93 061/ 412 91 2 05
  • Bedrifter tilhøyrande NAV Solund skal sende skjema på e-post til nav.solund@solund.no 905 38 956/ 415 28 688

Informasjon og råd til tilsette som permitterast

Tilsette med permitteringsvarsel skal ikkje henvende seg til sitt lokale NAV-kontor. Dei finn oppdatert informasjon på nav.no.

Arbeidsgivar må sørge for at tilsette som er omfatta av permitteringa får den nødvendige dokumentasjonen frå arbeidsgivar, slik at NAV får til ein smidig behandling av søknadar om dagpengar.

Viktige vedlegg som arbeidstakarar må ha med i søknaden:

  • Permitteringsvarsel

Ein må fylle ut eit permitteringsvarsel for kvar enkelt arbeidstakar

Permitteringsvarselet må innehalde følgende: skal vere datert, angje varselfrist, permitteringsårsak, permitteringsgrad, permitteringsperiode, kven som er permittert og at det føreligg underskreven protokoll på at vilkår for permittering er oppfylt. Det skal og koma fram kva dagar arbeidsgivar har lovpålagt lønsplikt.

Varslingsperioden vert rekna i kalendardagar, medan lønspliktsperioden vert rekna i arbeidsdagar

Arbeidsgjevarorganisasjonane utarbeider ofte eigne malar, men du finn òg ein mal på Altinn som alle har tilgang til: Permitteringsvarsel

 

  • Arbeidsavtale eller bekrefting på arbeidsforhold

Bekrefting på arbeidsforhold må innehalde følgande: når starta vedkommande i jobben, stillingsprosent, eventuell informasjon om variabel arbeidstid/skift/turnus/rotasjon

Eksempel på bekrefting på arbeidsforhold: Ola Nordmann har vore tilsett hos Bedrifta som økonomimedarbeidar sidan januar 2008. Han har jobba i ein 100 prosent stilling til dags dato med ordinere arbeidstider.

Kort veiledning for registrering som arbeidssøker hos NAV

  1. Gå til nav.no
  2. Klikk på «Hva er din situasjon»
  3. Klikk på «Er du arbeidssøker eller permittert?»
  4. Velg din situasjon
  5. Registrer deg – ha tilgjengelig BankID/BankID/kodebrikke på mobil
  6. Søke dagpenger: Klikk på Skjema og søknad på forsiden. Her finner man fremgangsmåte steg for steg. Sjekk her når du bør søkje om dagpengar
  7. Registrere CV på arbeidsplassen.no

 

 

Vi oppfordrar alle arbeidsgivarar til å holde seg oppdatert på våre nettsider.

Viktige lenker:


Sist oppdatert: 30.03.2020
Publisert: 19.03.2020