HeimKoronaFritidsaktivitetar

Fritidsaktivitetar

Hytter og fritidseigedomar

Hytteforbod

Oppdatering 20.april kl.11.00:

20. april vart hytteforbodet oppheva. Me kjem ikkje til å nekte hyttefolk å reise på hytta si på Osterøy, men vil oppmode alle til å gjere sitt og redusere fritidsreiser til eit minimum.

Helseminister Bent Høie er veldig tydeleg på at reiser til ei hytte i ein anna Bu- og arbeidsregion vert rekna som ei unødvendig fritidsreise, og er dermed noko som er tilrådd å ikkje gjere.

Osterøy er i BA-region Bergen og er då i same region som:

  • Bergen kommune
  • Bjørnafjorden kommune
  • Vaksdal kommune
  • Samnanger kommune
  • Askøy kommune
  • Øygarden kommune

Osterøy kommune har ingen rolle i håndhevinga av dette, men me informerer ut slik at våre hyttefolk har informasjonen til å gjere dei rette vala og fylgje staten sine tilrådingar.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Dette er vedteke av regjeringa:

"§ 5 skal lyde:

Personer forbys å overnatte på fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates.

Personer som er i karantene etter § 2 fordi de deler husstand med en som er bekreftet smittet av SARS CoV-2-virus, kan likevel overnatte i fritidseiendom i annen kommune i perioden den smittede er i isolasjon etter § 4 i forskriften."

Vedtaket gjeld fram til 20.april.

 

Om dispensasjon skriv regjeringa dette:

"Kommunene har ikke dispensasjonsadgang

Kommunene har ikke adgang til å gi dispensasjon. Det oppfordres derfor om at hyttebeboere ikke tar kontakt med kommunen for å kreve unntak. Unntakene fremkommer tydelig i forskriften. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn for å avverge store materielle skader tillates. Men vi oppfordrer folk til å engasjere lokalt bosatte personer til å utføre slikt arbeid og tilsyn.

For personer som oppholder seg på fritidseiendom i en annen kommune fastsettes boten normalt til 15.000 kroner, subsidiært fengsel i 10 dager.

Les meir her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/innforer-hytteforbud/id2694262/"

Som du les her er det ikkje tillatt å overnatte på fritidsbustad og me som kommune har heller ikkje moglegheit til å gje dispensasjon frå dette.

Dagsturar

Osterøy kommune fraråder alle reiser inn og ut av kommunen som ikkje er nødvendige. I tillegg har regjeringa og folkehelseinstituttet kome med klare anbefalingar om å redusere all reiseverksemd til det minimale.

Korvidt ein dagstur på hytta er nødvendig eller ikkje kan ikkje me vurdere for folk, det må dei bruke sin eigen fornuft til.

Me har alle eit ansvar for å bidra i dugnaden og gjere det me kan for å hindre spreiing av koronaviruset.

Banevettreglane

 

Musikkøving 

Regjeringa har 22.04.20 godkjent rettleiaren for smittevern for musikkøvingar, og øvingar kan no starta opp att i tråd med denne.

Rettleiar: Smittevern for musikkøvingar godkjent 22.04.20

Plakat om smittevern for musikkøvingar


Sist oppdatert: 18.09.2020
Publisert: 23.04.2020