HeimKoronaFørebygging av smitte av koronavirus

Førebygging av smitte av koronavirus

Du kan gjere mykje for å redusere risikoen for å bli smitta eller å spreie smitte.

For tida pågår det også eit ordinært sesonginfluensautbrot, og det er mange av dei same tiltaka vi kan gjere for å unngå smitte av koronavirus og influensa.

Om koronaviruset

Det nye koronaviruset heiter SARS-CoV-2 og forårsakar utbrotet av sjukdomen covid-19. Dei fleste som blir smitta, vil truleg få luftvegssymptom som vil gå over av seg sjølv, medan nokon få vil få alvorlegare sjukdom med blant anna lungebetennelse. Alvorleg sjukdom og dødsfall er sjeldan, og hovudsakleg hjå eldre og personar med underliggande sjukdomar.

Råd for å unngå smitte

  • Vask hendene grundig og ofte, spesielt når du har vore ute på stader med mange menneske og før du skal eta. Vask med vatn og såpe eller handdesinfeksjon med sprit vil vera tilstrekkeleg.
  • Begrens nær kontakt med sjuke personar så langt det lar seg gjere.
  • Unngå å ta deg til munnen, nasen og auga med uvaska hender.
  • Ved hoste så host i eit papir som du så kastar, og vask hendene etterpå. Eller host i albuekroken.

Er du i risikogruppa?

Eldre personar og personar med underliggande kronisk sjukdom har høgare risiko for alvorleg forløp av covid-19. Sjå meir på Folkehelseinstituttet si side

Er du sjuk og mistenker koronaviruset?

  • Teikn på luftvegsinfeksjon kan vera feber, hoste, brystsmerter og pustevanskar.
  • Om du er sjuk, vær heima frå jobb og liknande. Sjuke barn bør haldast heime frå skule eller barnehage.
  • Om du har fått luftvegsinfeksjon og har vore i områder med mange smitta eller i kontakt med nokon som har påvist smitte av koronavirus, kontakt fastlege eller legevakt på telefon (116 117) for å gjere avtale om oppfølging. Det er viktig at du ringer først for å unngå at du møter opp på venterommet og smittar andre. Personar som må isolerast i heimen har rett på sjukemelding.

Testing er avtalt på førehand

Merk at all testing av koronasmitte alltid må vera avtalt på førehand. Det skjer ved at du først snakkar med fastlegen, legevakta på telefon (116 117) eller ring Osterøy kommune sine eigen koronatelefon 56 19 22 77.

Er du ikkje sjuk, men har spørsmål?

Då kan du ringa til Folkehelseinstituttet på telefon 815 55 015. 
Ikkje ring legevakta om du er frisk.

Følg FHIs reiseråd knytta til nytt koronavirus og UD sin informasjon om reiseråd og koronavirus | UD fraråder reiser til Hubei-provinsen og fastlands-Kina. 

 


Sist oppdatert: 05.05.2020
Publisert: 16.03.2020