Røysting
Førehandsrøysting
Innanriks: I perioden 10. august til 9. september.
Meir informasjon om førehandsrøystinga i Osterøy kjem seinare.
Utanriks: 3. juli til 1. september
Tidlegrøysting
Tidlegrøysting er meint for veljarar som ikkje har høve til å førehandsrøysta i ordinær periode forførehandsrøysting, eller på valdagen.
Tidlegrøysting er i perioden 3. juli til og med 9. august.
Du har kanskje ikkje fått valkortet ditt, men du kan likevel tidlegrøysta.
Hugs legitimasjon!
Meir informasjon om tidlegrøystinga i Osterøy kjem seinare.
Røysta heime eller der du oppheld deg (ambulerande røysting)
Dersom du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje har høve til å møta i eit røystelokale, så kan du søkja om å få førehandsrøysta der du oppheld deg.
Det er ikkje krav om skriftleg søknad
Nærare informasjon kjem her
Kvar kan du røysta på valdagen?
På valdagen 11. september kan du røysta i ein av desse krinsane. Du treng ikkje vera manntalsført i krinsen, så lenge du er manntalsført i Osterøy kommune.
Hauge krins: Skulebygget Osterøy integrerings- og læringssenter
Lonevåg krins: Osterøyhallen
Valestrand krins: Valestrand skule/ gym.salen
Haus krins: Haus skule
Fotlandsvåg krins: Fotlandsvåg skule
Bruvik krins: Knausatun
Opningstider for alle krinsar: kl. 12.00 - 20.00
Kven har røysteerett til kommunestyre- og fylkestingsvalet?
-
Alle som har røysterett til stortingsval;
-
Norske statsborgarar;
-
som vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret
-
som ikkje har mist stemmeretten etter Grunnlova §53
-
som er, eller nokon gong har vore, folkeregistrert som busett i Norge
-
-
Statsborgarar i andre nordiske land (dvs Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som er registrert som busett i Norge seinast 30. juni i valåret.
-
Andre utanlandske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som er registrert som busett i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen.