Manntal
Utlegging av manntalet til offentleg ettersyn
Du må stå i manntalet for å kunna røysta ved valet.
Du vil sjølv kunne kontrollera om du står i Osterøy kommune sitt manntal. Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn ca. medio juli 2023. Nærare informasjon om dette kjem.
For å stå i Osterøy sitt manntal må du vera folkeregistrert som busett i Osterøy kommune 30. juni 2023.
Om du meiner det er feil i manntalslistene kan du krevja at valstyret rettar dette opp.
Kontakt ved retting av feil:
Ring innbyggarservice på telefon 56192100.
Ver merksam på dette:
Flyttar du frå Osterøy kommune etter 30. juni 2023, vil du framleis stå i kommunen sitt manntal, og du må enten førehandsrøysta- eller røysta ved ein av krinsane i vår kommune på valdagen 11. september.
Flyttar du til Osterøy etter 30. juni 2023, vil du vera manntalsført i kommunen du flyttar frå. Du må då enten førehandsrøysta- eller reisa til den aktuelle kommunen for å røysta på valdagen.