Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023
Kommune- og fylkestingsval er allmenne val til kommunestyre og fylkesting i Norge, og vert gjennomført kvart fjerde år.
Valdagen i 2023 er sett til måndag 11. september.
Kommunestyre- og fylkestingsvalet
Kommunestyret er øvste organ i kommunen, og i år skal det veljast nytt kommunestyre for dei neste 4 åra - 2023 til 2027. Det skal veljast 27 representantar til kommunestyret i Osterøy.
Nytt fylkesting for Vestland fylke skal veljast same dag. Til Fylkestinget skal det veljast 65 representantar.
Fylkestingsvalet 2023 - Vestland fylkeskommune
Kven har røysteerett til kommunestyre- og fylkestingsvalet?
-
Alle som har røysterett til stortingsval;
-
Norske statsborgarar;
-
som vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret
-
som ikkje har mist stemmeretten etter Grunnlova §53
-
som er, eller nokon gong har vore, folkeregistrert som busett i Norge
-
-
Statsborgarar i andre nordiske land (dvs Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som er registrert som busett i Norge seinast 30. juni i valåret.
-
Andre utanlandske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som er registrert som busett i Norge samanhengande dei tre siste åra før valdagen.