HeimHelse, omsorg og sosialFritidskontakt/støttekontakt

Fritidskontakt/støttekontakt

Treng du fritidskontakt

Fritidskontakt er for deg som på grunn av funksjons- eller utviklingshemming, psykiske utfordringar,  rusutfordringar eller andre årsaker som gjer at du treng hjelp til å skape ei aktiv

og meiningsfull fritid og å førebygge isolasjon.

Kommunen vil i dialog med deg som søkjar vurdere behovet for fritidskontakt eller om det eventuelt er andre tenester som passar betre for deg.

Søkjar må som hovudregel vere fylt 10 år

Kva får du?

Tenesta skal hjelpe deg til ei meiningsfull fritid og samvær med andre.

Fritidskontakten kan besøke deg heime, gå på tur saman med deg eller bli med på ulike aktivitetar og arrangement. Tilbodet vert planlagt saman med deg utfrå dine behov og interesser.

Det er ikkje meininga at fritidskontakten skal gjere praktiske oppgåver som husvask, handling, følgje til frisør, lege og liknande.

Fritidskontakten har vanlegvis ingen spesiell fagleg bakgrunn, men får rettleiing av fagfolk.

Fritidskontakt signerer teieplikt og legg frem politiattest før oppstart. 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. Du må dekke dine eigne utgifter til aktivitetar som du og fritidskontakten er med på.

Har du følgjekort, kan fritidskontakten din få gratis eller rimelegare inngang mange stadar.

Slik søkjer du om å få fritidskontakt

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunnen til at du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune 
Helse, omsorg og sosial 
Postboks 1 
5293 Lonevåg

Det er ikkje søknadsfrist for fritidskontakt. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Trykk her for å kome til søknadsskjemaet.

Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar om deg
  • Dersom du har rett på fritidskontakt, får du eit vedtak på dette
  • Dersom du får avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

 

Vil du bli fritidskontakt? 

Som fritidskontakt bidreg du med positive opplevingar og aktivitetar i eit anna menneske sitt liv. Det er brukaren sine ønskjer og interesser som avgjer innhaldet i tenesta, og du kan t.d gå på besøk til brukaren, bli med på tur, kino, kafe, trening eller andre sosiale aktivitetar. Oppdraget er som oftast på 2 til 5 timar pr. veke.

Mange treng fritidskontakt. Nokon klarar ikkje å kome seg ut på eiga hand, andre treng hjelp til å meistre ulike aktivitetar. Dei som treng fritidskontakt er ulike og difor treng me ulike fritidskontaktar.

Kven kan bli fritidskontakt?

Du må:

  • vere 18 år – du kan kontakte oss om du fyller 18 år i år
  • vere påliteleg og stabil
  • ha gode samarbeidsevner
  • ha respekt for andre menneske
  • ha overskot til å gi av deg sjølv
  • ha evne til å etablere kontakt
  • vere trygg på deg sjølv
  • kunne setje grenser
  • legge fram politattest som ikkje er eldre enn 3 månader

Det skal vere gjevande og hyggeleg å vere fritidskontakt. Samstundes er det viktig at tilbodet til tenestemottakaren blir både tenleg og forsvarleg. Alder, kjønn, personlegdom og interesser speler ei avgjerande rolle når vi skal kople fritidskontakt og tenestemottakar.

Godtgjering

Løn er kr 225 pr time. I tillegg kjem kilometergodtgjersle og utgiftsdekning til fritidskontakt sine utgifter.

Som fritidskontakt er du ikkje fast tilsett men oppdragstakar, og har difor ikkje rett på sjukepengar.

Slik søkjer du

Via denne lenka søker du elektronisk om å bli fritidskontakt.

Kva skjer når du har søkt?
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker.
  • Vi kaller deg inn til ein samtale for å finne ut meir om deg og gje deg meir informasjon om det å vere fritidskontakt.
  • Dersom vi ikkje har nokon ledige oppdrag når du søkjer, legg vi søknaden din til side og finn han fram når vi har behov for nye fritidskontaktar. 
Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med driftskoordinator Helse, omsorg og sosial

og vi kontaktar deg.

 

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.


Sist oppdatert: 22.04.2024
Publisert: 07.11.2018