Slik søkjer du om individuell plan

  1. Trykk her for å laste ned søknadsskjema for individuell plan og koordinator
  2. I søknaden må du skildre behovet ditt for individuell plan og koordinator.
  3. Det er du som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal skrive under søknaden.
  4. Send søknad med eventuelle vedlegg til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Kva skjer vidare med søknaden din?

Koordinerande eining vil handsame søknaden så snart det er mogleg. Dersom du fyller vilkåra for individuell plan eller koordinator vil koordinerande eining ta stilling til kva tenesteområde som skal få ansvar for å oppnemne ein koordinator.

Dersom vi ikkje kan gi deg eit endeleg svar innan ein månad, skal du få skriftleg melding om grunnen til det og når du kan vente eit endeleg svar.

Kva er ein nettbasert individuell plan?

Osterøy kommune har valt å ta i bruk eit digitalt verktøy til individuell plan.

Deltakarane som samarbeider om planen, kan logge seg inn i verktøyet på internett, lese planen og bidra til planarbeidet. Du som eig planen skal ilag med koordinator avklare kven andre som får tilgang til planen din.

Når planen er sett i verk, vil dei som skal ha tilgang til planen få tildelt brukarnamn og passord.

Logg deg på din individuelle plan her. 

Kontakt oss

Nina Thorbjørnsen
Einingsleiar helse

Postadresse:
Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg