Behandling av korona

Om du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vere aktuelt at du får behandling med tablettar.

Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserar risikoen for å bli alvorleg sjuk.

Det er viktig at behandlingen med tablettar startar tidleg. Om du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftvegssymptom, bør du teste deg for korona.

Kven vil ha nytte av tablettar?

Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:

  • Dei som har alvorleg immunsvikt.
  • Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månedane og har ein alvorleg sjukdom
  • Alle som er over 80 år.

Kva skal du gjere om du får luftvegssymptom?

Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du også feber eller vondt i hovudet.

Om du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta en sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar.

Om sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakte fastlegen din eller legevakt.

Om testen ikkje viser at du har korona, kan du vente med å kontakte fastlegen.

Om symptoma blir verre, bør du kontakte lege, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona.

Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?

Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona om:

  • Du har alvorleg immunsvikt. For eksempel fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
  • Du er over 65 år, du har ein alvorleg kronisk sjukdom, og du har ikkje fått vaksine dei siste seks månedane.
  • Du er over 80 år.
  • Du er over 50 år og har aldri tatt koronavaksine.

Meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjere om du blir sjuk finn du på Helsenorge.

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.

Du får gratis koronatestar i innbyggarservice på Osterøy rådhus.

 

 


Sist oppdatert: 01.12.2023
Publisert: 01.12.2023