Søkje omsorgsbustad - Raus

Vi har butilbod med bemanning for personar med psykiske lidingar. 

Raus bufellesskap

Raus bufellesskap er eit bufellesskap for menneske med psykiske lidingar som gjer det vanskeleg å meistre kvardagen på eigenhand.  

Bufellesskapet består av 8 leilegheiter fordelt på to hus, samt 2 kjellarleilegheiter tilknytt bufellesskapet. Bufellesskapet er døgnbemanna. Det praktiserast recovery tenking i bufellesskapet. Raus bufellesskap tilbyr ei trygg buform med støtte i dagleglivet og individuell, heilskapleg oppfølging. 

Krav til søkjar

  • Langvarig, alvorlig psykisk liding er eit kriterie for å få plass

Kontakt oss:

Raus 1: 453 24 495
Raus 2: 453 76 621

Søknad

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva skjer vidare?
  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Du må betale husleige for kvar månad. Husleiga er ulik for ulike bustader. Ta kontakt med forvaltningskontoret for å få meir informasjon om husleiga. Du kan søkje om bustønad.

Matprisar kjem utanom. Sjå oversikt over prisar her. 

Kva får du
  • Du får tilpassa bustad
  • Du får nærleik til personell
  • Vi har fokus på meistring til daglege gjeremål, og vi bistår gjerne ved behov.  

Sist oppdatert: 14.01.2024
Publisert: 22.11.2018