Grubling og bekymring
Ofte kan man høyre at begrepa «tankekjør» og «tankekverning» brukast. Med disse begrepa meinast det som regel repeterande tankar som stadig kjem tilbake og som ein opplever som vanskeleg å legge bort. Meir presist kan me kalle dette for grubling og bekymring.
Men kva er eigentleg grubling og bekymring?
Grubling er tankeverksamheit som er fortidsretta. Innhaldet er som regel negativt og det handlar ofte om kva som har gått galt i fortida. Det kan typisk vere at ein går gjennom tidlegare scenario i hovudet sitt og analyserer korleis ein har prestert i ein gitt situasjon. Tankane bærar ofte preg av «Kvifor?» Til dømes «Kvifor har eg blitt som eg har blitt?», «Kvifor likar ingen meg?», «Kvifor sa eg det?»
Bekymring er på motsett side framtidsretta. Det er tankar som handlar om alt det som potensielt kan komme til å gå galt. Disse tankane startar ofte med «Kva om?» Til dømes «Kva om ingen likar meg?», «Kva om eg dummar meg ut?», «Kva om eg har kreft?»
Grubling heng tett saman med nedstemtheit og bekymring heng tett saman med angst.
Viss du opplev at du brukar for mykje tid på å gruble eller bekymre deg, og gjerne skulle brukt mindre tid på dette, finns det heldigvis gode verktøy som hjelper deg med å få større kontroll over denne gruble og/eller bekymringstendensen.
Nedanfor finn du ein oversikt over sjølvhjelpsverktøy.
- Kast månedskortet til bekymringsbussen – artikkel med metakognitive verktøy fra psykologisk.no av Jonas R. Vaag og Harald Holthe
- Få kontroll over vedvarende og overdreven bekymring. - Tekstbasert verktøy fra kognitiv.no
- Få kontroll over kvernetanker og vedvarende grubling – tekstbasert verktøy av kognitiv.no
- Grubl – norskutviklet gratis app med verktøy for å få kontroll over grubling og bekymring
- Tankevirus – norskutviklet gratis app med verktøy for å få kontroll over negative tankemønstre