Psykiatritenesta

Har du psykiske vanskar eller ei liding som gjer kvardagen vanskelig?

Vi tilbyr helsehjelp og oppfølging til innbyggarar over 18 år med psykiske helseutfordringar. Tilbodet blir utforma ut frå  grad av kvardagsfungering, effekt av tidlegare hjelpetiltak, kunnskapsbaserte anbefalingar og dine ønskjer og mål.

Vi har òg ansvar for ettervern av tidlegare rusavhengige, samt oppfølging av personar med pågåande rusproblem.

Ved lette til moderate psykiske plager kan du få tilbod om tidsavgrensa oppfølging hjå psykolog. Dette gjeld òg ved bekymring knytt til eigen bruk av alkohol eller andre rusmiddel. 

Me har eit utstrakt samarbeid med andre samarbeidspartnarar, som sjukehus, rusinstitusjonar, DPS, sosialtenesta, helsestasjon, barnevern og andre som til einkvar tid er inne i brukaren sitt hjelpeapparat.  

Slik søkjer du

Tilvising kan komme frå til dømes fastlege, DPS, sosialteneste, eller du kan sjølv fylle ut kommunen sitt søknadsskjema. Søknadsskjema finn du her.  

Kryss av for "Psykiatrisk sjukepleie". I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune 
Helse, omsorg og sosial 
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Du vil få ei tilbakemelding frå oss innan tre veker.

Kva kostar det?

Tenesta er frivillig og gratis.

Kva får du?

  • Oppfølging kan skje individuelt eller i grupper.

Kontakt oss

Ved akutte kriser kan du alltid ringe oss kvardagar frå klokka 08.00-15.30 for råd og hjelp. Ring 913 83 482.

Besøksadresse

Fotlandsvegen 29

5282 Lonevåg

Vis i kart


Sist oppdatert: 10.01.2022
Publisert: 22.11.2018