Søkje dagtilbod

Avlasting vert gjeve til foreldre til funksjonshemma born eller til personar som sjølv har ei funksjonshemming som gjer at dei treng avlastning.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva får du? 

  • du får tilbod om sosialt samvær og aktivitetar
  • du får forsvarleg helsehjelp
  • omsorgsytar får avlasting for særleg tyngjande omsorgsoppgåver
  • omsorgsytar får nødvendig fritid
  • omsorgsytar får høve til å delta i arbeid og samfunnsaktivitetar

Krav til søkjar

  • du får hjelp frå familie eller andre omsorgspersonar til mange, krevjande omsorgsoppgåver
  • du bur heime
  • du må sende med kopi av vedtak om hjelpestønad
  • du må sjølv ta med personleg utstyr, medisin og hjelpemidlar som du treng i kvardagen

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Telefon:

Telefontid kvar dag kl. 10.00-14.00.

Anette Knutsen

  • Telefon: 945 39 393

Hanne Bernes Øvsthus

  • Telefon: 409 12 114

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 12.12.2018
Publisert: 12.12.2018