HeimHelse, omsorg og sosialNedsett funksjonsevneSøkje brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Søkje brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Har du nedsett funksjonsevne og treng hjelp i kvardagen, kan du søkje om brukarstyrt, personleg assistanse (BPA).

Du som søkjer må ha eit langvarig og stort behov for hjelp.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva kostar det? 

Den personlege hjelpa er gratis. Får du hjelp til praktisk husarbeid i heimen din, må du betale ein eigendel.

Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du skal betale.

Kva får du?

Du får ein assistent som kan hjelpe deg personleg og hjelpe deg med praktisk husarbeid.

Du styrer sjølv:

  • kven du vil ha som assistent
  • kva assistenten skal gjere
  • når assistenten skal vere hos deg

Dersom du sjølv ikkje kan vere arbeidsleiar for assistenten, kan du gi rolla som arbeidsleiar til nokon som kjenner deg godt. 

Les meir

Trykk her for å laste ned eit rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet om BPA.

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Anette Knutsen

Hanne Bernes Øvsthus

Hilde Johannessen

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 10.12.2018
Publisert: 06.11.2018