Parkeringsløyve

Slik søkjer du 

Trykk her for å opne elektronisk søknadsskjema. 

  • I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngi kvifor du ikkje kan nytta det ordinære parkeringstilbodet på stader du besøker. Vi anbefalar at du fyllar ut skjema nøye, slik at vi får eit godt bilete av dine behov. 
  • Saman med søknaden må du leggje ved eit passfoto og legeattest. Har du ikkje desse digitalt, må du ettersenda desse. Skriv namnet ditt på baksida av bilete.
  • Du kan og skrive ut søknaden og sende den saman med vedlegga. Send søknaden, med vedlegg, til Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for parkeringsløyve. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva får du?

Med parkeringsløyve kan du parkere på følgjande plassar:

  • Reservert for rørslehemma merka med offentleg trafikkskilt.
  • Kommunale parkeringsplassar utan å betale avgift.
  • Inntil dobbel tid på tidsavgrensa parkering frå 30 minutt og oppover. Unntak når det er skilta med tidsavgrensa parkering for rørslehemma med parkeringsløyve.
  • Stadar der det er innført bustadsoneparkering.

Krav til søkjar

Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstand.

Du må dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid eller ved regelmessige aktivitetar, for eksempel legebesøk.

Ofte stilte spørsmål
Eg kan ikkje kjøyre sjølv lengre. Kan eg bruke kortet som passasjer?

Nei, kortet må leveres inn. Ønskjer du å søkje om kort som passasjer, må du sende ny søknad.  

Er det tilstrekkeleg at legen anbefaler innvilging?

Nei. Legeerklæringen danner kun det medisinske grunnlaget for vurderingen. Du må og kunne dokumentere at du har eit særskilt behov for parkeringslettelse utanfor bustad, arbeid og/eller annan aktivitet.

Kvifor må eg i søknaden oppgi adresser på stader kor eg skal parkere, kva eg skal og kor ofte eg skal der?

Vi skal vurdere behovet ditt for parkeringslettelse. Normalt vil det difor være behov for at du som søkjer gir informasjon om stader du har parkeringsbehov, adresse til parkeringsområdet, samt kor ofte du besøker dei aktuelle stedene. Opplysningane om dine behov og viktigheten av desse gir oss viktig informasjon for å treffe riktig beslutning, samtidig som det forenkler saksbehandlingen vår. 

Kan eg parkere på HC-plass og følgje passasjeren inn?

Av- og påstigning på HC-plass er tillatt. Du kan parkere på HC-plass og følgje passasjeren inn til bestemmelsesstedet, for så å flytte bilen til ordinær parkeringsplass. Dersom passasjer har HC-kort trenger ikke fører å flytte bilen fra HC-plassen.

Kan eg bruke piggdekk uten å betale avgift når eg har HC-kort?

Ja, når du som eig kortet er med i bilen. Bruker andre bilen uten at du er med, må dei kjøpe piggdekkoblat. 

Eg har fått ny bil. Er kortet mitt framleis gyldig?

Parkeringsløyva gjeld deg som person, og ikkje bilen. Kortet er difor utan registreringsnummer, og kan brukast i kva som helst bil så lenge du er med i bilen.

Parkeringstillatelsen nærmer seg utløpsdato. Kva skal eg gjere?

Dersom du framleis har behov for parkeringsløyve etter utløpsdatoen på kortet ditt, må du søkje på nytt før kortet går ut. Vi må gjere ein ny vurdering fordi det kan ha skjedd endringar i situasjonen din som gjer at for eksempel parkeringsbehovet ditt kan ha endret seg, for eksempel fordi du har byttet bosted eller arbeidssted. 
Skal du søkje på nytt er det lurt å være ute i god tid, men tidligst tre måneder før inneværende parkeringsløyve utgår.

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, eller korleis du søkjer, ta kontakt med

Servicekontoret

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 28.06.2023
Publisert: 07.11.2018