Avlyser vaksinedagar i veke 37
Osterøy kommune hadde sett opp vaksinedagar med oppfriskingsdose for dei som er fødd i 1957 og tidlegare, 13. og 15. september. Alle som har bestilt time til desse dagane, vil få beskjed om at dei er avlyste.
Me avlyser fordi me har fått informasjon frå Folkehelseinstituttet om at det snarleg kjem nye og oppdaterte koronavaksiner som skal brukast til oppfriskingsdose.
Vaksinene er oppdaterte for å vere betre tilpassa variantane av koronaviruset som sirkulerer no.
Dei oppdaterte vaksinene skal brukast til oppfriskingsdose, men ikkje til grunnvaksinering (dose 1 og 2).
Me ventar på informasjon frå Folkehelseinstituttet om leveranse av nye vaksiner. Når me veit ankomst av oppdaterte vaksiner vil me informere om nye vaksinedagar.
Har du spørsmål kan du ta kontakt via e-post korona@osteroy.kommune.no.
I informasjonsbrevet frå Folkehelseinstituttet kan du lese meir om dei ulike vaksinene og nye anbefalingar.