HeimHelse, omsorg og sosialKommuneoverlegen og miljøretta helsevern

Kommuneoverlegen og miljøretta helsevern

Kommuneoverlegen har ansvar for miljøretta helsevern i Osterøy kommune. Miljøretta helsevern er kort fortalt at folk skal ha eit miljø som ikkje gjev dei negative helseeffektar. Her kan du lese om nokre av dei oppgåvene kommuneoverlegen gjer, og kva plikter ulike verksemder har overfor kommuneoverlegen.

Miljøretta helsevern omfattar ikkje tilhøve for tilsette. Her må ein kontakte Arbeidstilsynet.

Korleis gje melding til kommuneoverlegen

Kommuneoverlegen har samarbeidsavtale med avdelinga Miljørettet helsevern i Bergen kommune. Kommuneoverlegen har vedtaksmynde (rett til å avgjere korleis eit vedtak skal vere), medan Miljørettet helsevern gjer sakshandsaminga. Difor skal dei fleste søknadar og klagar til kommuneoverlegen sendast til denne avdelinga, via nettsida deira. Avdelinga Miljørettet helsevern gjev kommuneoverlegen melding om nye saker.

Meldingar som skal direkte til kommuneoverlegen skal sendast til anita.sortveit@osteroy.kommune.no, send samstundes kopi til Miljørettet helsevern på e-post mhv@bergen.kommune.no.

Dersom det er noko som hastar, ta kontakt med kommuneoverlegen på telefon 56 19 21 00 / 970 00 226, eller Miljørettet helsevern på telefon 55 56 52 00.

Dersom du vil sende brev er adressa Kommuneoverlege Anita Sørtveit, Osterøy kommune, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.

Barnehagar og skular

Kommuneoverlegen og Miljørettet helsevern fører tilsyn med og godkjenner barnehagar og skular. Tilsynsfrekvensen varierer frå årleg til kvart åttande år.

Barnehagar skal søkje om uttale til planar før dei gjer endringar med barna sitt leikeareal. Skular skal søkje om uttale til planar før dei gjer endringar med elevane sitt undervisningsareal. Det skal også sendast søknad når ein startar nye barnehagar og skular, utvidar dei, eller flyttar dei. Sjå søknadskjema på nettsida til Miljøretta helsevern.

Barnehagar og skular skal søke om helseverngodkjenning når det er starta ein ny barnehage eller skule, og når det er gjort endringar med barna sitt leikeareal eller elevane sitt undervisningsareal. Sjå søknadskjema på nettsida til Miljøretta helsevern.

Barnehagar og skular skal gje melding når det er alvorlege eller langvarige utbrot av smittsame sjukdommar, når det har skjedd alvorlege skadar, hendingar eller nesten-ulykker med barn, når ikkje-akutte tilhøve som kan påverke barna si helse negativt ikkje vert retta opp innan rimeleg tid, og når det er tilhøve rundt barnehagen som kan ha negativ innverknad på barna si helse. Meldinga skal sendast på e-post til kommuneoverlegen, med kopi til Miljørettet helsevern. Meldinga skal gjevast på telefon dersom det er noko som hastar.

Barnehagar og skular kan ta kontakt med kommuneoverlegen eller Miljørettet helsevern dersom dei ynskjer fagleg rettleiing.

Foreldre og føresette kan klage dersom miljøet i barnehagen eller skulen ikkje er godt nok. Sjå klageskjema på nettsida til Miljøretta helsevern

 

Støy, forureining og skadedyr

 

Du kan klage dersom du vert utsett for støy, forureining eller skadedyr frå omgjevnadene. 

Dette kan til dømes vere:

  • Dersom ei verksemd støyar slik at det gjev deg helseplagar.
  • Dersom ei verksemd i nærleiken slepp ut røyk, støv eller lukt slik at det gjev deg helseplagar.
  • Dersom naboen har dyr som bråkar slik at det gjev deg helseplagar.
  • Dersom nokre i nærleiken riv asbest slik at fiber kan spreie seg i lufta.
  • Dersom det røykast inne på ei verksemd som er open for publikum.
  • Dersom du vert plaga av skadedyr i naboeigedom. 

Sjå klageskjema på nettsida til Miljøretta helsevern.

Boblebad og svømmebasseng

Kommuneoverlegen og Miljørettet helsevern fører tilsyn med boblebad og svømmebasseng.

Alle verksemder som har eit boblebad eller eit svømmebasseng må melde frå til Miljørettet helsevern. Sjå søknadskjema på nettsida til Miljøretta helsevern.

Dersom du har vitja eit boblebad eller svømmebasseng og blitt sjuk eller ikkje tykte hygienen var god nok, kan du klage til Miljørettet helsevern.

Inneklima

Dersom du bur i ein bustad du ikkje eig sjølv, og mistenker at inneklimaet gjer deg sjuk, kan du søke Miljørettet helsevern om å undersøke bustaden.Sjå søknadskjema på nettsida til Miljøretta helsevern.

Solarium

Dersom ein leiger ut solarium til publikum må ein melde frå. Dette gjeld også om ein utvidar verksemda. Sjå meldeskjema på nettsida til Miljøretta helsevern.

Tatovering og piercing

Tatoverings- og piercingslokale skal vere godkjent. Dette gjeld også permanent make-up og «ørepistol». Sjå søknadskjema på nettsida til Miljøretta helsevern.

Kjøletårn og luftskrubbar

Alle kjøletårn og luftskrubbarar må vere meldt til kommunen, og Kommuneoverlegen og Miljørettet helsevern skal føre tilsyn med desse.

Verksemder som skal få kjøletårn eller luftskrubbar må gje melding til Miljørettet helsevern. Sjå meldeskjema på nettsida til Miljøretta helsevern.

Terapiriding

Fysioterapeutar som ynskjer å tilby terapiriding må ha ei fråsegn frå kommuneoverlegen for å få støtte frå Helfo. Miljørettet helsevern fører tilsyn annakvart år. Sjå søknadskjema på nettsida til Miljøretta helsevern.

Legionella

Kommuneoverlegen og Miljørettet helsevern forsøker å spore opp smittekjelda når nokon har blitt sjuk av legionellabakteriar, for å hindre at fleire vert smitta. Når kommuneoverlegen får melding om at nokon har blitt sjuke, tek vi bakterieprøvar heime i dusjen deira, eller hjå verksemder der den sjuke kan ha blitt smitta.

Asylmottak og hospits

Dersom ein skal starte asylmottak eller eit hospits (ein bustad utan vanleg husleigekontrakt som kommunen skaffar til personar som ikkje kan skaffe bustad sjølv), må ein gje melding om dette før lokala vert tekne i bruk. Sjå meldeskjema på nettsida til Miljøretta helsevern.

Dersom det er ei kommunal eining som skal starte opp dette, er det dei som må melde frå, dersom det er ei privat verksemd, er det den private verksemda som må melde frå.

Dagmamma

Dagmammaer må ha helseverngodkjenning dersom dei har ansvar for 3 eller fleire barn. Eigne barn under skulealder tel med. Sjå søknadskjema på nettsida til Miljøretta helsevern.

Regelverk

Miljøretta helsevern omfattar følgjande regelverk:


Sist oppdatert: 10.01.2022
Publisert: 13.05.2019