Middagslevering eller matombringing er eit tilbod til deg, som på grunn av sjukdom, funksjonstap alder eller andre årsaker, ikkje kan lage middag sjølv.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:
Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg
Kva skjer vidare?
- Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
Kva kostar det?
Kr 97,- pr middag med dessert.
Kva får du?
- Vi leverer middagen heim til deg to gonger i veka.
- Du kan få spesialkost ved dokumentert behov.
- Du kan få hjelp til å varme middagen om du er ute av stand til det sjølv.
- Du får ernæringsrik og variert kost.
- Du får middag og dessert og kan velje mellom stor og liten porsjon, prisen er den same.
Krav til søkjar
- Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom, alder eller funksjonstap.
- Du må bu i Osterøy kommune.
- Du må ha eit kjøleskap til å oppbevare middagane.
- Du må ha mikrobølgjeomn eller komfyr til varme opp middagen.
- Dersom heimehjelpen skal varme opp middagen for deg, må du ha mikrobølgjeomn.
Du treng ikkje lenger søkje om endringar
Dersom du har vedtak om middag, skal du melde følgjande ønske om endringar direkte til heimetenesta:
- endring i storleik på porsjon
- endring i antal dagar med middagslevering per veke
- endring i kost (normal-/og spesialkost)
Kontakt oss
Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret
Telefon:
Telefontid kvar dag kl. 10.00-14.00.
Anette Knutsen
Hanne Bernes Øvsthus
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.
Klage på vedtak