Søkje brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
Har du nedsett funksjonsevne og treng hjelp i kvardagen, kan du søkje om brukarstyrt, personleg assistanse (BPA).
Du som søkjer må ha eit langvarig og stort behov for hjelp.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:
Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Postboks 1
5293 Lonevåg
Kva skjer vidare?
- Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
Kva kostar det?
Den personlege hjelpa er gratis. Får du hjelp til praktisk husarbeid i heimen din, må du betale ein eigendel. Sjå prisar for praktisk bistand her.
Kva får du?
Du får ein assistent som kan hjelpe deg personleg og hjelpe deg med praktisk husarbeid.
Du styrer sjølv:
- kven du vil ha som assistent
- kva assistenten skal gjere
- når assistenten skal vere hos deg
Dersom du sjølv ikkje kan vere arbeidsleiar for assistenten, kan du gi rolla som arbeidsleiar til nokon som kjenner deg godt.
Les meir
Trykk her for å laste ned eit rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet om BPA.
Kontakt oss
Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret
- Send ein e-post til post@osteroy.kommune.no
Telefon:
Telefontid kvar dag kl. 10.00-14.00.
- Telefon: 945 39 393
- Telefon: 409 12 114
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.