Søkje omsorgsbustad

Eldre og sjuke som treng tilpassa bustad, kan søkje om å få leige ein omsorgsbustad.

Omsorgsbustaden er tilpassa funksjonshemma og bygd slik at du kan motta nødvendige pleie- og omsorgstenester.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Lonevåg eller send dei til:

Osterøy kommune
Helse, omsorg og sosial
Postboks 1
5293 Lonevåg

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva kostar det? 

Leigepris etter avtale

Kva får du?

  • ein tilpassa bustad
  • tilbod om med eller utan heildøgns omsorgsteneste

Krav til søkjar

  • du må ha legeuttale
  • du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
  • du må betale husleige

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Forvaltningen

409 12 114/ 945 39 393

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltningskontoret

Telefon:

Telefontid kvar dag kl. 10.00-14.00.

  • Telefon: 945 39 393
  • Telefon: 409 12 114

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 10.01.2022
Publisert: 06.11.2018