Tilskot til kjøp av bustad

Målet med tilskotet er å sikre at vanskelegstilte kan kjøpe eigen bustad eller fortsetje å bu der dei bur.

Det er Husbanken som finansierer denne ordninga, men kommunen som tar imot søknadar og gjer vedtak.

Slik søkjer du

Før du søker, ring Servicekontoret på telefon 56 19 21 00 eller send ein e-post. Vi set deg i kontakt med ein som kan hjelpe deg med å finne ein eigna bustad og gi informasjon om ulike moglegheiter for finansiering. Du kan og få informasjon om andre støtteordningar, til dømes bustøtte og startlån. Begge desse ordningane kan du lese meir om her på heimesida til kommunen.

Trykk her for å komme til elektronisk søknadsskjema. 

Kan du ikkje søkje elektronisk, last ned og fyll ut søknaden og send skjemaet til:

Osterøy kommune
Geitaryggen 8
5282 Lonevåg

Du kan også levere skjemaet til servicekontoret på rådhuset. Sidan søknaden din kan innehalde sensitivie opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post til kommunen.

Vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får eit svar frå oss innan 4 veker frå vi har mottatt søknaden din.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å få handsama søknaden om tilskot til etablering.

Kva får du?

Kommunen avgjer kor stort tilskot du får etter ei vurdering av situasjonen din.

Krav til søkjar

Tilskotet skal vere ei hjelp til:

  • Deg med varig låg inntekt.
  • Deg som ikkje er i stand til å lånefinansiere bustaden fullt ut.
  • Ordninga prioriterer dei med størst utfordringar. Etterspurnaden etter tilskot er stor. Prioriteringar av søknadane vil variere frå kommune til kommune.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.


Sist oppdatert: 24.01.2019
Publisert: 16.11.2018