Gjeldsrådgiving
Har du høg gjeld og vanskar med å få betalt gjelda di kan du ringe 55 55 33 39 for å få råd og rettleiing.
På NAV kan du få råd og rettleiing om kva for moglegheiter du har i din situasjon dersom du ikkje kan forsørge deg sjølv gjennom eigne inntekter.
Hjelpetiltak frå NAV
Trykk på lenkene for å opne dei i eit nytt vindu.
Slik søkjer du
Det er ulike skjema for kva du søkjer:
Du må svare på alle punkta i søknadsskjemaet og dokumentere alle opplysningane.
Sjå sjekklista over dokument og opplysningar du må leggje ved søknaden.
Send skjemaet til NAV Osterøy, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.
Kontakt oss
På www.nav.no kan du finne opplysningar om kva moglegheiter og rettar du har, og søknadsskjema til dei statlege ordningane. På tlf 55 55 33 33 kan du spørje nærare om dette, eller kontakte pensjonstelefonen 55 55 33 34 dersom spørsmåla dine gjeld pensjon.
Kontoradresse
NAV Osterøy, Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg.
Telefonnummer
55 55 33 33 i mellom klokka 09.00 og 15.00.
Du kan og ringe servicekontoret på rådhuset mellom klokka 09-15, dersom du vil snakke med nokon av dei tilsette på sosialtenesta.
Opningstid
NAV Osterøy har ope mottak tysdag og torsdag mellom klokka 10.00 og 11.00. Det kan avtalast møte utanfor opningstida.
Du kan søkje om sosialhjelp i rådhuset sine opningstider utover NAV sine opningstider.
E-postadresse
Kontakt oss via Ditt NAV på nav.no