Økonomisk rådgjeving

Økonomisk rådgjeving

Dersom du treng hjelp med å få kontroll over økonomien, kan økonomisk rådgjevar i NAV hjelpe deg.

Du kan søke om økonomisk rådgjeving dersom du
  • Opplev ein situasjon der du har mangel på økonomiske ressursar når det kjem til å dekke nødvendige behov
  • Har vanskeligheter med å betale rekningane
  • Har vanskeligheter med å betjene lån og betale tilbake gjeld

Ein kan også få økonomisk rådgiving i forbindelse med søknad om økonomisk stønad til livsopphald (sosialhjelp).

Kva kan du få hjelp til?

Du kan få time hos økonomisk rådgjevar. Der kan du blant anna få hjelp til å:

  • Få oversikt over den økonomiske situasjonen
  • Sette opp eit budsjett
  • Finne ut korleis du kan få mindre utgifter
  • Ta kontakt med kreditorar
  • Skrive søknadar om betalingsutsettelse
  • Få opplysningar om rettigheiter og plikter
  • Kontakte namsmannen
  • søke gjeldsordning

Rådgjevar vil kartlegge din situasjon og vurdere evnen din til å betjene den økonomiske situasjon. Deretter vil rådgjevar komme med forslag til tiltak og løysingar basert på det som kjem fram i saka og i samtalar med deg.

Tilbodet forutsett at du samarbeider med rådgjevar og legg fram dei opplysningane rådgjevar treng for å kunne hjelpe deg.

I fyrste møte er det fint om du kan ta med relevant dokumentasjon. Dette kan vere:

  • Selvangivelse og ligning med skatteoppgjør frå det siste året
  • Saldo på kontoar
  • Dokumentasjon på boutgifter
  • Lønnsinntekter og trygdeytelsar dei siste tre månadar
  • Opplysningar om lån, kredittgjeld og anna gjeld
  • Dokumentasjon på utgifter, for eksempel til barnehage, SFO, straum, forsikring og liknande
  • Dokumentasjon på ubetalte rekninger, restanser og liknande
  • Begjæring om utlegg fra namsmannen
  • Innkalling til forliksrådet

Til samtalen  du ta med deg innlogging til bank-ID.

Time for økonomisk rådgjeving 

For å komme i kontakt med økonomisk rådgjevar kan du ta kontakt med NAV Osterøy via servicetorget på tlf 56 19 21 00 eller NAV kontaktsenter på tlf 55 55 33 33.

For å søke om tenesta økonomisk rådgjeving nyttar du skjema for økonomisk sosialhjelp på nav.no.

 

Tips til å betre økonomien 

Her får du nokre tips som kan vere til hjelp for å få kontroll over eigen økonomi igjen.

Inntekter og utgifter

Skaff deg ein oversikt over inntekter og utgifter. Bruk eit budsjettskjema for å få god oversikt. Lag også ein oversikt over gjeld.

Du kan logge deg inn på gjeldsregisteret for å få oversikt over kredittkort og forbrukslån. Du kan logge deg inn på nettsida til inkassoselskapet for å få oversikt over inkassosaker.

Kontakt kreditorer

Ta kontakt med kreditorer per telefon eller brev/e-post. Då kan du få opplysningar om gjelda di og sette opp ein oversikt. Det er også lurt å forklare situasjonen og prøve å lage avtalar om ny betalingsplan/utsettelse, forhandle renter eller lavere betaling.

Dersom du har lån i banken, kan du kontakte banken for å høyre om du kan få avdragsfrihet i ein periode, midlertidig betalingsutsettelse, betalingsplan eller om det er mulighet for refinansiering.

Søk om betalingsutsettelse

Dersom du ikkje har økonomiske midlar til å betjene gjelda di, kan du søke om betalingsutsettelse. Det er viktig å begrunne søknaden godt og legge ved dokumentasjon på inntekter og utgifter.

Stopp/reduksjon av påleggs-/utleggstrekk i inntekt

Ulike instansar kan legge inn trekk av din inntekt jf. Dekningslova.

Dette er instansar som:

  • NAV-innkreving: for eksempel bidragsgjeld, feilutbetaling av trygdeytelsar og liknande.
  • Statens innkrevingssentral: bøter, erstatningskrav, årsavgift på bil, NRK-lisens?, studielån og liknande.
  • Kemner: ubetalt skatt, moms, parkeringsbøter og liknande
  • namsfogd/namsmann: inkassokrav

Dersom du har fått trekk i inntekta di, er det viktig at du sett opp ein oversikt over utgifter og inntekter. Du kan sjå på gjeldande livsopphaldsatsar og sjå om du etter trekk og boutgifter, sitt igjen med mindre enn livsopphaldsatsane. Dersom du ikkje har pengar til nødvendig livsopphald, kan du søke om å få redusert eller stoppa trekket.

Når du søker om reduksjon eller stopp av trekk, er det viktig at du legg ved dokumentasjon på inntekter, boutgifter samt eventuelt forsørgeransvar eller samvær med barn og andre nødvendige livsoppholdsutgifter (behov for bil, økte utgifter til medisin, behandling o.l.)

Du kan søke om endring i trekk pr. brev eller du kan logge deg inn med bank-ID på:  

Namsfogden: politiet

skatteetaten: skatteetaten  
statens innkrevingssentral: sismo  
NAV innkreving:  Altinn

Budsjett 

Når du har fått ein oversikt over dine inntekter og utgifter er det viktig at du fordeler inntekta di på best mulig vis. Du bør sette av pengar på ein egen konto til faste utgifter som husleige, straum og lignande. Dette gjeld også utgifter som vert trekt kvartalsvis eller halvårsvis, f.eks kommunale avgifter og forsikring. Det vil og være lurt å sette av penger til uforutsette utgifter som kan oppstå.

Sjå også på om kreditorer tilbyr månedleg betaling gjennom autogiro og det kan være lurt å legge inn regninger på avtalegiro eller autogiro.

Kontakt NAVs økonomirådstelefon – 55 55 33 39

Det er viktig å ta tak i økonomiske utfordringer så fort som mogleg. Økonomirådstelefonen gir deg råd og veiledning om kva du kan gjere for å løyse opp i situasjonen og dei fortel kvar du kan henvende deg dersom du treng meir hjelp.

Du kan være anonym dersom du ynskjer det.

Nyttige nettsider

nav.no (økonomisk råd og veiledning)
sismo.no (statens innkrevingssentral)
statsforvalteren.no/ (fri rettshjelp og vergeordning)
gjeld.org (Gjeldsoffer-Alliansen, brukerorganisasjon)
lanekassen.no (lånekassen)
forbrukerportalen.no (forbrukerrådet)
finansportalen.no (forbrukerrådets oversikt over bank og forsikring)
strømpris.no (kraftpriser)
mobiltelefoni.no (priser på telefon og bredbånd)
politiet.no 
gjeldsregisteret.no
skattetaten.no
inkassoregisteret.com
Finans Norge

 

Lenke til søknadsskjema om sosialhjelp.


Sist oppdatert: 26.02.2024
Publisert: 26.02.2024